Letta på sløret

Det var under arbeidsministar Anniken Hauglie sitt besøk ved Marin Teknikk torsdag, at bedrifta letta litt på sløret om kva dei jobbar med for tida. Då kom det fram at det truleg vil vere fleire yachtar på sjøen med Herøy-design i løpet av dei komande åra.

Den familieeigde bedrifta har signert designavtalar for heile tre nye yacht-prosjekt, men Marin Teknikk-direktør Svein Rune Gjerde påpeiker at kjøparane ikkje har gjort avtalar med verft om bygging. Difor vil dei førebels ikkje avsløre fleire detaljar om kva for fartøy det dreiar seg om.

– Eg kan også seie at vi er valt til designarar på eit nytt fartøy som skal nyttast til gruvedrift offshore, men heller ikkje her er det signert kontrakt med verftet, påpeiker Gjerde.

(saka held fram under)

Vil ha moms-endring

Bedrifta nytta høve til å be statsråden jobbe for å endre reglane for moms på luksusvarer, som dei meiner er ei belastning for næringa.

– Reiarar som bygger offshoreskip, får momsen tilbake når dei går ut av landet. Men ein som byggjer ei yacht får ikkje det, påpeiker Gjerde.

Då Graeme Hart skulle fylle dei to nemnte yachtane med luksuriøs innreiing og utstyr, gjekk turen til Tyskland der opptil 180 arbeidarar jobba i fleire månader med å utstyre fartøya. Det er arbeid som til dømes Kleven verft kan gjere i dag.

– Om vi skal komme inn i dette segmentet på ein god måte, bør vi sjå på problemstillinga med denne momsen, la Gjerde til.

Les også:

Her reiser superyachten frå verftet

Kleven bygger nok ein luksusyacht

Multimilliardæren bak luksusyachten

Halvert omsetnad

Dei komande avtalane er tydelege teikn på at også Marin Teknikk er på full fart over i nye marknader. Gjerde fortel at dei i 2015 hadde drygt ti design til offshore, medan dei i fjor berre gjorde avtale om eitt offshoreskip.

Marin Teknikk har gode år bak seg økonomisk. Toppåret 2015 var ekstremt bra med eit overskott før skatt på nær 54 millionar kroner frå ein omsetnad på 194 millionar. Men inntektene svingar stort i skipsdesign og i 2016 blei inntektene om lag halvert. Gjerde fortel at dei likevel unngå raude tal.

– Vi har jobba mykje med utvikling og det vil synest på rekneskapen frå i fjor. Samstundes veit vi at vi har bygd opp kunnskap og skal ta det att i 2017, seier han.