Det opplyser selskapet i ei pressemelding fredag.

Per Sævik i Havila Holding fortel at det har vore stor interesse for stillingane i selskapet Herøy-familien er i ferd med å bygge opp. Fleire godt kvalifiserte personar var inne til intervju før dei enda opp med Myrvoll i sjefsstolen.

Kontrakten Herøy-selskapet sikra seg på drift av fire skip på kystruta inneber at det skal byggast fire nye skip og etablerast ein ny organisasjon med 20-30 tilsette i administrasjonen. I tillegg kjem 500-600 sjøfolk.

Arild Myrvoll kjem frå stillinga som administrerande direktør i Rem Maritime, og har vore «høgre handa» til Åge Remøy i fleire år. I pressemeldinga seier Myrvoll at han ser fram til å vere med å bygge opp Havila Kystruten.

– Satsinga er starten på eit nytt eventyr, og eg blir trigga av potensialet som ligg i selskapet.

Janicke Westlie Driveklepp er siviløkonom, har mellom anna vore økonomisjef i Scana Volda og er i dag økonomisjef i Vartdal Plast.