Resultat før skatt i første kvartal enda på minus drygt åtte millionar kroner av ein omsetnad på 467 millionar, viser tala som blei presentert i ei børsmelding tysdag.

Havyard-leiinga skriv i presentasjonen at resultatet er svakare enn venta. Samstundes er inntektene er om lag 100 millionar høgre enn i same periode i fjor og konsernet meiner resultata vil betre seg framover.

Børsen reagerte med å sende verdien på aksjen ned med drygt åtte prosent tysdag føremiddag. Børsverdien på konsernet er i dag kring 350 millionar kroner – ein nedgang på rundt ein tredel det siste året.

Rekordstor ordrebok

Havyard Group har kapra ei rad med nye kontraktar, ikkje minst på bygging av ferjer. Det gjer at konsernet har ei rekordstor ordrebok på 3,5 milliard kroner, som leiinga meiner vil gi betydeleg betring både for 2018 og 2019.

Havyard har no kontraktar på bygging av ein brønnbåt til Sølvtrans, ein pelagisk fabrikktrålar til France Pélagique – og heile 13 ferjer til Fjord1 som skal leverast før 2020. Den første av desse ferjene ligg an til å bli klar for levering til avtalt tid. Fryseanlegg til fem russiske trålarar er også mellom jobbane som er hanka inn i løpet av det siste kvartalet.

(saka held fram under)

Fullt køyr i haust

Hovudkontoret til Havyard ligg i Herøy, og det er Sævik-familien som eig størstedelen av selskapet via Havila Holding. Via same selskap kontrollerer Sævik-familien trafikkselskapet Fjord1, som har lagt inn dei mange ordrane på nye ferjer frå Havyard.

I første kvartal kom meir enn halvparten av inntektene til konsernet – nær 250 millionar –frå aktiviteten ved verftet i Leirvik i Sogn.

– Aktivitet innan nybygg vil auke utover året med tilnærma full utnytting i andre halvår 2018, heiter det i kvartalsrapporten.

Segmentet «Fish handling» stod for drygt 90 millionar av  inntektene i kvartalet. Havyard ventar ei utflating for etterspurnaden etter brønnbåtar. Etter fusjonen mellom Havyard MMC og First Process håpar Havyard at dei kan auke aktiviteten mellom anna på pelagiske fabrikkar.