Toktet starta i Finnmark og vart avslutta i Breisundet ved Runde. På årets opprenskingstokt er det fjerna rundt 850 garn og 150 kongekrabbeteiner.

I dei tapte reiskapane stod det rundt 10.000 kg fisk og rundt 5.600 krabbar, melder Fiskeridirektoratet.

I tillegg er det tatt opp rundt 44.000 meter tauverk, nesten 2.000 meter vaier, 700 meter snurrevadtau, trållin, notlin, i tillegg til mange dreggar og vak.

Står og fiskar i minst sju-åtte år

Eit blåkveitegarn står på store djup og kan stå og spøkelsesfiske i sju-åtte år. Enkelte garn kan stå i meir enn ti år før dei er så nedgrodd at dei stoppar å fiske.

Dermed er den største innsatsen også gjort i Nord-Norge, der fisket etter blåkveite er størst.

Ei garnlenke som er mista utgjer også ein betydeleg fare for å hekte fast nye garn, og dermed miste meir.

Dei fleste fiskarar melder inn tapte bruk

Oljebukse i fangsten. Foto: Fiskeridirektoratet

– I Breisundet ved Runde tok vi opp ei garnlenke som var eitt år gammal, lokalisert av ein lokal fiskar som var så klok at han hadde sett ei markering på den. Der var det 40 garn, med rundt 200-250 krabber og ein god del fisk, seier Gjermund Langedal i Fiskeridirektoratet.

– Og på Storegga tok vi opp ei garnlenke som var mista i fisket etter blåkveite, og som var meldt inn, seier Langedal.

Nord-Norge

Alt som er tatt opp her sørpå er nyare garn og teiner. Men sunnmørs-fiskarane er også nordpå.

– Kven er verst, fiskarar sørfrå eller dei nordfrå?

– Vi har heilt ærleg ikkje noko grunnlag for å skilje mellom fiskarar nordfrå og sørfrå. Dei ser ut til å vere like ille, eller like gode, alt ettersom.

– Vi finn også bruk som ikkje er meldt inn, men det er mest eldre bruk. Heldigvis har vi kome så langt at dei aller fleste garnfiskarar melder inn når dei har mista fiskebruk, seier Langedal.

Uformelle kanalar

Dei får også tips gjennom det som Langedal kallar uformelle kanalar.

– Blant dei fiskarane som er flinke til å melde ifrå, råder det ein indre justis. Så dei fortel oss om tapte garn og andre reiskap som ikkje er meldt inn, seier han.

Noko anna som har blitt meir vanleg er at dei finn plast og klede i garna, som til dømes Rema 1000-posar og boblejakker.