- Vi er glade for å ha fått ei løysing for dette fartøyet. Det har vore eit utfordrande prosjekt for oss, etter at opprinneleg kunde ikkje var finansielt i stand til å overta fartøyet ved avtalt levering i 2015. Det er flott å sjå at fartøyet no kjem i operasjon, seier Ståle Rasmussen, konsernsjef i Kleven, i ei pressemelding.

Rasmussen seier til smp.no at dei etter avtale med kjøparen ikkje går ut med namn og salssum. Ifølgje Vikebladet er kjøparen det kanadiske reiarlaget Horizon Maritime.

Skipet blei sjøsett i september 2015 og skulle leverast same år til IES Energy i Malaysia, men leveringa vart utsett ei rekke gongar. Både tilsette og eigarane har sidan satsa pengar for å styrke eigenkapitalen til verftet. No har altså ein ny kjøpar overtatt skipet.

I fjor hadde Kleven-konsernet ei omsetning på 4,8 milliardar kroner. Årsresultat etter skatt enda på minus 239 millionar kroner.