– Vi har revolusjonert kvaliteten på trålfanga fisk, seier dagleg leiar Tore Roaldsnes i Nordic Wildfish på Valderøy. Han snakkar om «Molnes», frysetrålaren som er ombygd til «ein produksjonsplattform for unike produkt.» Nye «Molnes» vart presentert i Ålesund i mars i fjor, på eit arrangement der det ikkje mangla på store ord.

– Eit banebrytande prosjekt, sa forskingssjef Hanne Digre ved SINTEF Fiskeri og havbruk.

Kvalitet kvar dag

Lanseringa i Vard sine nye flotte lokale, med gjestar frå fiskerinæringa, utstyrsleverandørane og støttemiddelapparatet, er fjernt frå kvardagen i ein trong og bråkete fabrikk under dekk. Men det er der den viktigaste jobben vert gjort.

– Vi har stort fokus på å løfte kvaliteten på fisken og råstoffet. Det handlar først og fremst om haldningar, seier Tore Roaldsnes.

Men det hjelper på med teknologi, og på «Molnes» går dei nye vegar når det gjeld fangstoperasjonen.

Heile produksjonslinja, frå trålhalinga, til fabrikken og vidare til fryseriet, er bygd opp med tanke på å handtere fisken skånsamt.

Fangsten blir tømt ned i ein tank med nedkjølt sjøvatn. Så vert fisken bedøvt, og deretter bløgga. Rett slakting og god utbløding betyr kvalitet. Dette er lærdom frå laksenæringa.

– Målet var at to tredelar av torsken skal vere i live når den kjem ned i tankane. På den siste turen var 90 prosent i live, og då fiska vi torsk på 370 meters djupne, seier Roaldsnes.

Prisauke

Målet er sjølvsagt at dette skal løne seg.

– Vi vil løfte prisen på trålfisk opp mot linefanga fisk, som tradisjonelt har blitt betalt med rundt tre kroner meir for kiloet. Vi meiner vi får like god kvalitet, og jobbar med å dokumentere det, seier Roaldsnes.

Kvalitetsløftet er den delen av nytenkinga han er mest nøgd med. Men Nordic Wildfish har fleire andre prosjekt på gang. «Molnes» fekk installert nyskapande prosessteknologi for handtering av restråstoffet. Altså den delen av fisken som gjekk på sjøen i gamle dagar. Den nye var at det skulle brukast hydrolyse til å produsere fiskeprotein frå restråstoffet. Prosessen er kjend frå laksenæringa og kjøtproduksjon. Å ta den med ut i ope og uroleg hav var ikkje uproblematisk.

– Vi må gjere justeringar, og byggjer om fabrikken, seier Tore Roaldsnes.

Han har stadig nye ballar i lufta, slik som ein ny fiskebåt som kombinerer snurrevad, seitrål og reketrål.

Nordic Wildfish har fått stor hjelp frå Innovasjon Norge og forskingsmiljøa. Og ikkje minst frå utstyrsprodusentane i den maritime klyngja. Samarbeidet har mellom anna resultert i Fiskeridirektoratet sin miljøpris for 2016.

– Det er snakk om ny innfrysingsteknologi som gir rask innfrysing og dermed mindre energiforbruk, og det er snakk om bruk av ny metode i produksjonen av fangst om bord slik at alt blir utnytta, sa fiskeridirektør Liv Holmefjord ved prisutdelinga på Nor-Fishing i fjor.