Ved Båtbygg på Raudeberg er dei nøgd over å ha sikra jobb for minst 70 millionar med å oppgradere to forskingsskip på oppdrag frå Havforskingsinstituttet.

– Dette er viktige kontraktar som har sikra basisaktiviteten, slik at vi har lengre horisont enn til vanleg med reparasjonsarbeid, seier sal- og prosjektsjef Kenneth Sekkingstad.

Les også: Smuler fra verftspakke til Nordvestlandet

Tilsett nye folk

Grunna høg aktivitet over tid har verftet tilsett nye folk og framleis er på utkikk etter fleire. No er det mellom 100 og 120 personar i arbeid på verftet, men ein del av desse er innleigd.

Arbeidet med «Dr Fridtjof Nansen» tok til i juni. Forskingsskipet skal rustas frå å vere eit fartøy meint for tropiske farvatn, til å bli eit fartøy for arktiske strøk. Namnet blir også nytt: «Kristine Bonnevie». I starten av november tek dei til med ein større jobb med «Johan Hjort» som skal få nytt framdriftsmaskineri med hybriddrift. Den jobben er planlagt ferdig i løpet av februar.

For et år siden: La fram verftspakke til 650 millioner kroner

Gode røynsler

Reiarsjef Per W. Nieuwejaar ved instituttet seier dei har god erfaring med Vågsøy-verftet frå før.

– Vi har nytta dei fleire gonger tidlegare og dei gjer ein fantastisk jobb.

Omsetnad gjekk ned

Omsetnaden ved Båtbygg gjekk noko ned i fjor og enda på 161 millionar. Resultatet har heldt seg på pluss-sida og bedrifta har framleis eigenkapital på nær 50 millionar etter fleire større investeringar dei siste åra.