«Bourbon Arctic» har fått jobb for oljeselskapet Lundin i Barentshavet. Få månader etter at båten var levert frå verft går den nordover.

– Perioden er på minst tre brønnar og kan strekke seg til rundt 160 dagar. I tillegg er det opsjon på ytterlegare seks brønnar, opplyser Arnstein Lystad i Bourbon Offshore til smp.no.

Førebudd på arktiske forhold har den svært stor vinsjkapasitet. Skroget har isklasse 1A, som betyr at båten kan operere også i vanskelege isforhold.

– Det viktigaste er at båten har kontrakt. Men at vi får båten i arbeid i Barentshavet, og får vise fram båten der, er gunstig for oss, seier adm.dir. Bjørn Idar Remøy i Fosnavåg-reiarlaget Bourbon Offshore.

To sunnmørsbåtar

Ankerhandlaren skal den assistere Ocean Rig-riggen Leiv Eiriksson, som skal bore for Lundin. Ein supplybåt frå Island Offshore i Ulstein skal vere med i tillegg.

«Bourbon Arctic» er den kraftigaste ankerhandteraren i reiarlaget.

– Vinsjekapasiteten til Arctic er i ei særklasse, men det er truleg kombinasjon av ankerhandling med ROV, supply, beredskap og ikkje minst vinterisering som gjer skipet attraktivt i desse områda, seier Arnstein Lystad i Bourbon Offshore.

Ankerhandlaren på 93,6 meter skal vere den største som er utrusta ved Vard Brattvaag.