Ocean Visioneering vil ved hjelp av VR-teknologi frå spelindustrien la folk møtast ved hjelp av avatarar. Dei kallar det «eit Linkedin i 3D».

CommuRoom, også frå Ålesund, satsar på videoteknologi der ein «puttar mennesket tilbake i kommunikasjonen» på ein mykje meir levande og avansert måte enn i dei programma vi har vore vant til å bruke under pandemien.

Er bedriftene konkurrentar? Dei vil ikkje bruke akkurat det ordet, og har avtalt møte for å sjå om dei kan lære av kvarandre.

Unni Grebstad har ein original tittel: «chief, vision officer». Foto: Tarjei Engeset Ofstad

Begge har dei sikra seg attraktive kundar, og skal no forsøke å ta verda med storm.

Bli kjent med Jon-Rune, Unni, selskapa deira og teknologien i denne episoden av Mar.

Jon-Rune Nygård, brukar omgrepet «rehumanisering» om det å la mennesket, i heilfigur, få ta plass i levande, digital kommunikasjon. Foto: Staale Wattø

Mar er Sunnmørspostens næringslivspodkast, no også vodkast. Namnet betyr «hav» og har same språklege opphav som «Møre». Programleiar er journalist Tarjei Engeset Ofstad i Sunnmørsposten. Ansvarleg redaktør er Hanna Relling Berg. Har du ris, ros eller tips? Send gjerne ein e-post til tarjei@smp.no.