OPPDATERT: Samrøystes ja til sal av Fjord1-aksjar

Fylkesordførar Jenny Følling i Sogn og Fjordane stadfestar dette til smp.no, og opplyser at begge partar er samde om å gå ut med summen.

Møtet starta kl 09 - les saksframlegget til møtet her (ekstern lenke)

Møtet pågår

Fylkesutvalet er onsdag samla for å ta stilling til sal av 26 prosent av Fjord1-aksjene. Salet betyr at Sævik-familien sikrar seg 67 prosent og kontroll i selskapet.

Fylkesrådmannen i Sogn og Fjordane ba til dagens møte politikarane seie ja til sal av Fjord1-aksjar til Havilafjord. Om avtalen får grønt lys frå fylkestinget komande fredag, vil partane droppe den planlagde rettssaka om aksjestriden.

Herøy-selskapet har seinare opsjon på å kjøpe dei resterande 33 prosentane av aksjane.

(saka held fram under)

Lågare risiko

Kva dei må betale for aksjane er sladda i aksjekjøpsavtalen (les heile avtalen i ekstern lenke), men summen 1,065 mrd. kom fram under møtet onsdag.

Fylkesrådmann skriv i saksframlegget at avtalen med Havilafjord betyr ein lågare risiko for fylkeskommunen, enn i den førre avtalen med Torghatten. I den avtalen var ein avhengig av resultatet for å få utbytte.

Fylkeskommunen har i avtalen med Havilafjord sikra seg sin andel av eit utbytte på 50 millionar kroner frå 2015-overskottet i selskapet.

(saka held fram under)

Solide finanser

I ein analyse frå Kjelstrup & Wiggen Consulting gjort på oppdrag for fylkeskommunen blir det slått fast at økonomien i morselskapet Havila Holding er «solid og god».

Trass utfordringane Sævik-familien har på andre hold, meiner konsulentane det er sannsynleg at selskapet har finansielle musklar til å realisere opsjonen på resten av aksjane i selskapet.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no