Auka overskot for Ekornes

Konsernet jobbar fortsatt med produksjons- og kostnadseffektivisering, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes.

Ekornes bruker stadig mer roboter, som her ved fabrikken i Hornindal. Arkiv.  Foto: TERJE ENGÅS

Møbel

Ekornes-konsernet melder om driftinntekter på 759,5 millionar kroner i andre kvartal. Dette er 10,3 mill. høgare enn i andre kvartal 2015.

Resultat etter skatt endte på 59,2 millionar kroner i perioden, mot 28,3 mill. i andre kvartal 2015.

Ned for Stressless

Auken i driftsinntektene kjem trass ein nedgang på 8,6 mill. i omsetninga for Stressless-segmentet.

Marginforbetringa i perioden skuldasdt i hovudsak reduserte kostnadar, lågare råvareprisar og auka omsetning i Svane- og i IMG-segmentene, opplyser konsernet.

I juni vart det bestemt at konsernet slår saman dagens to Stressless sofafabrikkar på Nordvestlandet.

Økt ordreinngang

Ordreinngangen i andre kvartal utgjorde 783 millionar kroner, ei auke på 99 mill. samanlikna med same periode i 2015.

- Ekornes er ei solid verksemd i møbelindustrien, men vi må styrke konkurranseevna og auke lønsemd og vekst framover for å oppretthalde og vidareutvikle våre posisjonar. Vi jobbar derfor med produksjons- og kostnadseffektivisering og investerer i innovasjon og markedsutvikling», seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i pressemeldinga.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Møbel