Korrigert for valutaendringar tener Ekornes likevel meir pengar på Stressless enn første halvår i fjor. Driftsmarginen er over 10 prosent, det er derfor sett av fem millionar kroner til bonus til tilsette, opplyser selskapet i halvårsrapporten.

I Norge auka salet med 36 prosent meir dette halvåret. Salet auka også i Sverige og Finland.

- Dette kjem både frå lansering av nye produkt og frå et generelt høgt aktivitetsnivå i distribusjonen, opplyser Ekornes.

Også i sentral-Europa, den største enkeltmarknaden for Stressless, aukar salet.

I det amerikanske marknaden har det vore ein nedgang i omsetnaden samanlikna med 2014. I Sør-Europa har omsetnaden vore om lag på same nivå som i 2014.

Skal kutte kostnadane med 150 millionar

Likevel vil Ekornes-konsernet redusere kostnadene.

- Sjølv om utviklinga i kvartalet er relativt stabil, har lønsemda falle dei siste åra. Dette er ikkje tilfredsstillande. Som første steg for å få opp lønsemda i konsernet, startar vi no i august eit kostnadsreduksjonsprogram. Programmet skal redusere kostnadene 150 millionar kroner innan utgangen av 2016, seier konsernsjef Olav Holst-Dyrnes i ei pressemelding.

- Vi skal mellom anna sjå på kjøp av råmaterialar og komponentar, på om produksjonen kan gjerast meir effektiv, på transport og logistikk, og også på ulike kostnadar i administrasjonen, utdjupar han overfor smp.no.

- Er nedbemanning tema?

- Vi har ingen planar om dette per no. Likevel kan eg ikkje utelukke at vi kan kome dit, seier han.

IMG drar opp

I første halvår 2015 er driftsinntektene for Ekornes-konsernet 385 millionar kroner høgare enn i første halvår 2014. Mykje av omsetningsauken, 211 mill., kjem frå IMG, som vart kjøpt opp 1. november i fjor. Også valutaendringar drar driftsinntektene opp.

Ordreinngangen første halvår var på 1.333 millionar kroner utanom IMG. Til samanlikning var ordreinngangen første halvår i fjor 1.262 millionar. Justert for valutaendringar er ordreinngangen litt bak fjoråret.

Ekornes fekk eit driftsresultat på 145 millionar kroner i første halvår. Resultatet etter skatt enda på 101 millionar kroner, viser rekneskapen som selskapet har sendt ut onsdag morgon.