Bourbon Arctic blir no utrusta ved Vard Brattvaag, og skal etter planen leverast 9. februar.

Førebudd på arktiske forhold får den også svært stor vinsjkapasitet.

– Den er heilt maksimert i forhold til størrelsen på båten. Og når du ser på kapasiteten på vaier, fiber og kjetting, kjenner ikkje vi til nokon som er større, seier kommande kaptein på skipet, Pål Andre Måløy, til Maritime.no.

Han peikar på at oppankringane blir stadig meir komplekse.

Ankerhandlaren på 93,6 meter er også den største som er utrusta ved Vard Brattvaag.

– Det er volumkapasiteten på vinsjane som er stor, det går på kor mykje plass til vaier som er om bord. Dette gir større fleksibilitet, og ved enkelte operasjonar kan ein greie seg med ein båt mindre, seier Måløy til Smp.no.

Skroget har isklasse 1A.