Ifølgje Dagens Næringsliv går bankar og ei gruppe obligasjonseigarar med på å utsetje alle hovudforfall fram til hausten 2018.

I tillegg får selskapet redusert det som skal betalast i avdrag dei komande to til tre åra. Selskapet har eit obligasjonslån på 700 millionar kroner som forfell i april. Den samla gjelda er på meir enn ni milliardar kroner.

Selskapet skriv i ei børsmelding onsdag at dei reknar med å gjere kjent detaljane i avtalen før utgangen av februar. Selskapet kan ikkje garantere at avtalen blir vedtatt.

Denne veka blir det sendt innkalling til obligasjonseigarmøte for å handsame avtalen.

Som ein del av refinansieringa skal eigarane, Ulstein-familien og amerikanske Edison Quest, skyte inn meir eigenkapital.

To tredels fleirtal

Havila Shipping framforhandla i januar ein liknande avtale med bankane, men fekk ikkje den nødvendige to tredelen av obligasjonseigarane med på avtalen.