Selskapet har eit obligasjonslån på 700 millionar kroner som skulle forfalle i april. No får selskapet utsett hovudforfall, etter at to tredalar av obligasjonseigarane går med på avtalen.

Hovudforfall blir utsett med 30 månader, til oktober 2018.

«The Issuer has informed the Bond Trustee that Bondholders holding in excess of 2/3 of the Outstanding Bonds have provided irrevocable undertakings to vote their Bonds in favour of the Proposal at the Bondholders› Meeting» går det fram av ei orientering frå selskapet onsdag.

– Vi har jo tidlegare sagt at vi har kontroll, seier adm.dir. Håvard Ulstein i ein kort kommentar til smp.no.

For ei veke sidan kunne selskapet ikkje garantere å få det nødvendige fleirtalet. No har dei altså i overkant av det dei må ha. Som ein del av refinansieringa skal eigarane, Ulstein-familien og amerikanske Edison Quest, skyte inn meir eigenkapital.

Havila Shipping framforhandla ein liknande avtale men fekk ikkje det nødvendige fleirtalet av obligasjonseigarane med på avtalen.

Skal selje nybygg

Dei har også avtale med Vard Brevik om utsett levering for fleirbruksskipet «Island Victory».

I tillegg har dei forhandla fram ein forbetra avtale for milliard-skipet «Island Navigator», som er under bygging i Japan, går det fram av ein presentasjon selskapet kom med onsdag.

To fartøy er alt selt. Det ga rundt 400 millionar kroner i kassa.