Også Ulsteinvik-baserte Island Offshore melder om raude tal i rekneskapen for 2015. Før skatt har selskapet eit underskot på 365 millionar kroner, viser den førebelse årsrapporten.

Det er særleg fjerde kvartal, med lave driftsinntekter, som gjer at selskapet går i minus.

Selskapet tærer på kassabehaldninga. Ved årsskiftet hadde dei 120 millionar kroner mindre i kontantar enn ved førre årsskifte, ifølgje ei børsmelding. To fartøy vart selt i fjor, dette ga rundt 400 millionar kroner inn i kassa. Samtidig vart det investert for 656 millionar.