Island Offshore kjøper obligasjonsgjeld

Island Offshore har fått tilslag på tilbodet sitt: 230 millionar kroner i gjeld er kjøpt tilbake for 167 millionar.

Fekk tilslag Administrerande direktør i Island Offshore, Håvard Ulstein. Arkiv.  Foto: Staale Wattø.

Supply

Selskapet ville kjøpe tilbake obligasjonsgjeld for 72,5 prosent av pålydande verdi, avgrensa opp til 230 millionar kroner.

I ei børsmelding tysdag morgon melder Island Offshore at dei har mottatt aksept for heile denne summen.

Det Ulsteinvik-baserte reiarlaget har eit obligasjonslån på 700 millionar kroner som har forfall i april. Før påske vart det kjend at finansmannen Trond Mohn bruker 260 millionar kroner på å kjøpe ein tredel av obligasjonslånet.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!

Dette skal vere redningsplanen

Ifølge Dagens Næringsliv har Morten Ulstein-familien fått 96 prosent tilslutning blant obligasjonseigarane til redningsplanen for reiarlaget.

Ein del av planen er å tilføre reiarlaget 100 millionar kroner i ny eigenkapital. Eit bankavdrag på 189 millionar blir utsett i 18 månader. To skip er selt, det ga rundt 400 millionar kroner i kassa.


Island Offshore har klar gjeldsavtale

To tredelar av obligasjonseigarane vil stemme for selskapet sitt forslag til restrukturering.

Før påske stadfesta selskapet at dei skal selje tre PSV-ar som er under bygging: «Island Defender», «Island Discoverer» og «Island Diligence». Dei har også avtale med Vard Brevik om utsett levering for fleirbruksskipet «Island Victory».

I tillegg har dei forhandla fram ein forbetra avtale for milliard-skipet «Island Navigator», som er under bygging i Japan, går det fram av ein presentasjon selskapet kom med før påske.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply