Ny kontrakt for Olympic

Olympic Shipping har inngått kontrakt med Maersk Olie og Gas A/S for «Olympic Electra».

Olympic Electra.  Foto: Olympic Shipping

Supply

Kontrakten har oppstart 1. april 2016, med fast varigheit på 100 dagar pluss opsjonar, opplyser Olympic i ei børsmelding torsdag.

Fartøyet, eit såkalla fleirbruksskip, skal operere som bustadfartøy i kontraktsperioden.

«Olympic Electra» kjem direkte frå anna oppdrag.

Også båtar i opplag skal snart ut i arbeid. Olympic sin kunde Bibby Offshore held no på å ta «Olympic Bibby» og «Olympic Ares» ut av vinteropplag på Hellesylt.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply