«Olympic Delta» er eit subsea support- og konstruksjonsfartøy, og vil under oppdraget jobbe innanfor fornybar energi.

Kontraktoppstart er frå august med fast varigheit på 120 dagar. Medrekna opsjonar kan perioden bli på over 200 dagar.

- Denne kontrakten bekreftar at vår flåtesamansetning gir moglegheiter i fleire marknader, seier Olympic-sjef Stig Remøy i børsmeldinga.

Fartøyet vart levert frå Kleven i juli i fjor og er no i anna oppdrag.

I tillegg har «Olympic Challenger» fått to månaders forlenging på kontrakten med Technip og går no til oktober, melder selskapet fredag.