– På mange måtar vert dette vår krigskasse, som gjer at vi er sikre på at vi vert eitt av dei offshorereiarlaga som overlever krisa, seier Åge Remøy til nett.no.

Reke- og kvitfisktrålaren «Hopen» er no selt, som siste fiskebåt.

Kjøpar er Kristin og Olav Remøy i Remøy Havfiske. Dermed blir båten verande i Herøy.

Tufta på fiskeri

Men for ein reiar med fiskeblod i årane er eit kapittel over.

Heile Rem Offshore, med for tida 17 offshore-fartøy, er bygt på fiskeri.

– Eg tar ein telefon opp til «Hopen» omtrent kvar morgon. Eg likar å ha meg ein prat med dei for å høyre korleis ting går, sa Åge Remøy i boka Reiar utan slips som kom i fjor.

– Eg synest det er meir stas å bygge fiskebåtar enn offshorebåtar, seier han også i boka.

«Hopen». Foto: Fuglefjellet

No er Åge Remøy for første gong heilt ute av fiskeri. Eller det vil seie, salet blir gjennomført neste år.

Måtte selje

– Fiske er på topp og olje på botn. Så då må den eine businessen hjelpe den andre. Skulle ein selje innan fiskeri, er det kanskje i desse dagar, seier Åge Remøy til smp.no.

– Skal ein behalde offshoredelen, må vi ha tilgjengeleg kapital. Då er dette fasiten, seier Remøy, men innrømmer at det er rart å ikkje vere fiskar lenger.

– Jo visst er det rart. Om ting normaliserer seg, er det kanskje muleg å kome tilbake. Men akkurat no har vi eit anna fokus.

Pengar å tene

Det er i fiskeri det er pengar å tene for tida. Dagleg leiar Jørn Remøy i Remøy Fiskeriselskap seier til nett.no at samla driftsinntekter på«Hopen» i fjor bikka 126 millionar kroner, og driftsresultatet var på vel 42 millionar kroner.

Om bord er det eit mannskap på 18, inkludert lærlingar. Dei fleste sjøfolka kjem frå Herøy og Ålesund. Kapasiteten er 115-120 tonn kappa og sløgd fisk i døgnet. Båten blir seld med kvotar for grønlandsreke, seitrål og torsketrål.

Behalde båten i Herøy

Åge Remøy er glad for at trålaren framleis får heimehamn i Herøy.

– Vi visste at dei var på jakt etter båt med kvote. Og for oss var det veldig kjekt at vi vart einige, slik at båten kan få vere i Herøy. Vi må halde på fiskeritonnasjen vi har her, det er fort gjort å bli tappa for kompetanse på fiskerisida også. Vi er ei stolt fiskerikommune, og det kan vi halde fram med å vere, seier Åge Remøy til smp.no.

– Var det aktuelt å selje båten ut av regionen dersom andre hadde betalt meir?

– Vi har ikkje utforska om andre vil betale meir. Vi vart einige om vilkåra her i lokalmiljøet og såg ingen grunn til å gå ut, vi vil svært gjerne ha den er, seier Åge Remøy.

Prisen vil ingen av partane ut med. For tre år sidan kosta båten nesten 300 millionar kroner, ifølgje boka Reiar utan slips.

Men Rem Offshore-reiaren er sikrare no på å kunne berge supply-selskapet.

Sonen Jørn Remøy, som har drifta fiskeridelen i selskapet, blir verande i Rem Offshore.

– Jørn vil halde fram på charteringavdelinga, seier Åge Remøy.