Det er nesten 90 millionar kroner betre enn i fjor, då Havila gjekk med 60,7 millionar i minus før skatt i første kvartal.

Svaret er for ein stor del å finne i svingingar i valutamarknaden. I år har selskapet ein urealisert valutagevinst på 58,8 millionar kroner. I fjor måtte dei bokføre eit urealisert valutatap på 78 millionar i første kvartal, opplyser selskapet i ei børsmelding tysdag morgon.

Driftsresultat før avskrivingar er merkbart dårlegare enn i fjor, 148,5 mill, mot 200 mill. første kvartal i fjor.

Fleire skip i opplag

Spotmarknaden for offshorefartøy var i første kvartal framleis kvartal prega av tilbod høgare enn etterspurnad.

For PSV-fartøy har dagratane i snitt vore lågare enn driftskostnadene. Ankerhandlarar i Nordsjøen har i snitt oppnådd høgare pris enn i første kvartal 2015, opplyser selskapet.

Reiarlaget hadde 28 fartøy i drift pr. 31. mars.

Ved utgangen av første kvartal var totalt 104 av fartøya som normalt opererer i Nordsjøen i opplag, ifølgje selskapet.

Gjeld

Total renteberande gjeld ved utgangen av første kvartal var 5,58 milliardar kroner. Dette inkluderer usikra lån på 950 millionar.

Reiarlaget stansa i februar utbetaling av renter og avdrag.

– Både banklån og obligasjonslån er klassifisert som kortsiktig gjeld då selskapet er i brot med lånevilkåra, skriv selskapet i børsmeldinga.

Havila Shipping har i dag om lag 625 sjøfolk og 46 tilsette i administrasjonen, opplyser selskapet.