Avviser samanslåing av reiarlag

Olympic Shipping kjenner ikkje til planar om samanslåing av tre Herøy-reiarlag, slik det vart meld om tidleg torsdag morgon.

Olympic-reiar Stig Remøy. 

Supply

DnB vil ha eit Fosnavaag Offshore av selskapa Havila Shipping, Olympic Shipping og Rem Offshore, melde Nett.no i morges.

I ein epost til Sunnmørsposten skriv Olympic-reiar Stig Remøy:

Kommentar til Sunnmørsposten vedr. artikkeloppslag i dag om DnB og 3 Herøyreiarlag.

• Olympic Shipping kjenner ikkje til denne saka

• Olympic Shipping har ikkje vore involvert i noko møte med dette som tema

• Stig Remøy har uttala generelt at om det skal gjerast strukturelle endringar blant reiarlaga i denne næringa må det være reiarlag som passar saman mht flåtesamansetning som er avgjerande og ikkje geografi.

Sunnmørsposten oppdaterer saka.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply