Olympic sit att med 50 millionar kroner på botnlinja etter første kvartal, opplyser selskapet i ei børsmelding.

Selskapet hadde 18 skip i drift ved utgangen av første kvartal, mot 20 skip på same tidspunkt i fjor. Færre skip i drift har gitt reduserte inntekter og kostnader. Driftsresultatet enda på 56 mill, mot 111 mill. same periode i fjor.

Som fleire andre reiarlag tente Olympic på valutasvingingar første kvartal. Finanskostnadene vart på berre seks millionar, mot 87 mill. same periode i fjor.

Har tru på flåten

14 av skipa i flåten er subseaskip, konstruksjonsskip eller såkalla fleirbruksskip. Berre eitt av desse er i opplag.

– For subsea- og OCV-marknaden, der selskapet i hovudsak har sin flåte, er overkapasiteten mindre og aktiviteten høgare. Vi ser at subsea- og konstruksjonsskip i aukande grad omedgså vert engasjert i alternative marknadar som til dømes fornybar energi. Styret vurderer at Olympic har ein framtidsretta flåtestruktur som gjer selskapet konkurransedyktig i ei krevjande tid, skriv selskapet i kvartalsrapporten.

Nyleg skreiv selskapet kontraktar for «Olympic Delta» og «Olympic Athene» og «Olympic Ares».