To kontraktar for Havila Shipping

Den eine kontrakten varer eit år, med opsjon til å forlenge inntil to år til.

«Havila Forsight».  Foto: Havila

Supply

Havila Shipping i Fosnavåg har inngått kontrakt med Statoil for plattform supply-fartøyet «Havila Foresight» for ein periode på eitt år. Det opplyser Havila i ei børsmelding fredag morgon.

I kontrakten er det opsjon for Statoil til å forlenge kontrakten for fire periodar, kvar på seks månader.

Kontrakten er ei direkte forlenging av noverande kontrakt som varer til 1. juli.

Storbritannia

Havila opplyser at dei også har inngått kontrakt med selskapet Total UK for plattform supply-fartøyet «Havila Aurora».

Dette er for ein periode på tre månader, med opsjon for Total UK til å forlenge kontrakten for tre periodar, kvar på ein månad. «Havila Aurora» har starta på dette oppdraget.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply