I det eine obligasjonslånet, kalla REM04, fekk Rem Offshore sitt refinansieringsforslag berre 31 prosent av stemmene hos obligasjonseigarane. Dette er langt unna det nødvendige to tredels fleirtalet.

I det andre obligasjonslånet stemte 72 prosent for Rem Offshore si restrukturering, går det fram av ei børsmelding frå Oslo Børs klokka 15.30. Det er ikkje offentleg kjend kven obligasjonseigarane er.

– Vi syns sjølvsagt at dette er veldig leitt og uheldig. Det var ei veldig god løysing for selskapet, seier dagleg leiar i Rem Offshore, Arild Myrvoll, til Smp.no.

Han meiner dei som stemte avtalen ned bør kome på bana, for å vise ansikt og forklare kvifor dei stemte avtalen ned.

– Vi må no gå i dialog med dei som stemte dette ned, og med andre råka partar, seier Myrvoll.

Analytikar: Røkke

– Basert på det vi har høyrt i marknaden, trur vi at det kan vere Aker som har kjøpt seg opp, seier analytikar Kristoffer B. Pedersen i Nordea Markets til smp.no.

Aker er kontrollert av Kjell Inge Røkke.

Aker og Røkke kjøpte seg nyleg inn i Solstad Offshore. Dersom Aker no også har kjøpt seg inn i Rem Offshore, reknar analytikaren med at det kan bli ei konsolidering mellom Rem og Solstad.

– Og det er jo Solstad som er det største selskapet her. Konsekvensen kan då bli at Rem Offshore blir innlemma i Solstad, eller at Solstad overtar skip hos Rem. Solstad er jo særleg inne i subsea-marknaden, medan Rem også har PSV-skip, seier analytikaren.

Hemmelege eigarar

Då Rem-sjef Åge Remøy i juni presenterte planane om refinansiering, sa Remøy at han hadde god grunn til å tru at ting ville falle på plass.

I løpet av dei siste vekene har nokon betalt nær 100 millionar kroner for å sikre seg andelar i obligasjonsgjelda til Rem Offshore. Handelen i Rem-obligasjonar skaut fart etter at reiarlaget la fram ei omfattande finansiell restrukturering 27. juni.

Avtalen var at selskapet vil hente inn friske pengar via ein retta emisjon på 150 millionar kroner, konvertere obligasjonsgjeld til aksjar og kansellere nybygg hos Vard. Løysinga skal betre reiarlagets likviditet fram til 2019 med 3,6 milliardar kroner, og redusere renteberande gjeld med rundt 900 millionar.

Måndag ettermiddag hadde obligasjonseigarane eit møte i Oslo der dei tok stilling til refinansieringsforslaget. Då vart det klart at det ikkje er fleirtal for avtalen.