– Dette er eg veldig glad for og har stor tru på ei god og langsiktig løysing, seier eigar Stig Remøy i ein kort kommentar til Sunnmørsposten.

Patent-konflikt med Aker Biomarine

Krillfiskeselskapet Emerald Fisheries frå Fosnavåg har hatt eit konkurskrav hengande over seg, sidan dei skuldar 13,2 millionar kroner i moms, forseinkingsrente og kostnader knytt til dette.

I begjæringa om opning av gjeldsordning går det fram at Emerald Fisheries er i ein patentkonflikt med Aker Biomarine.

– Det er i oppmodinga vist til at årsaka til selskapets betalingsproblem skuldast eit søksmål i USA om eit påstått patentinngrep frå selskapet sin hovudkonkurrent, Aker Biomarine AS, skriv Søre Sunnmøre tingrett.

Tvisten i USA er venta avgjort først i 2018.

– I påvente av ei avgjerd har selskapet forfølgd andre marknader for å kompensere bortfall av sal i USA. Dette har tatt noko lenger tid enn venta, skriv tingretten.

Seier opp folk

Under gjeldsforhandlingane blir selskapet sine tilsette permittert eller sagt opp.

Krillfiske-fartøyet «Juvel» ligg til kai i Danmark, og driftskostnader vil derfor bli avgrensa til kaileige og forsikring med vidare.

Tingretten har oppnevnt Thore Heggen frå Stryn som leiar for gjeldsnemnda.

Fleire utsetjingar

Selskapet møtte Skatt Midt-Norge i Søre Sunnmøre tingrett 30. august, men fekk då utsett frist på seg til å finne ei løysing.

Ny sak blei beramma til måndag 19. september, men utsett til tysdag 20. september.

Tysdag blei det klart at konkursspørsmålet igjen måtte utsetjast. Seinare same dag er det altså avgjort at det er opna gjeldsforhandlingar i selskapet.