Olympic med forlenga frist igjen

Ny frist i standstill-avtalen for Olympic Ship AS er 11. november.

Stig Remøy. Arkiv. 

Supply

Måndag føremiddag opplyser Oslo Børs at Olympic Ship held fram forhandlingane med kreditorane.

Fristen er forlenga med to veker, til 11. november.

I mellomtida betaler Olympic ikkje avdrag på låna.

Den såkalla «standstill»-avtalen vart inngått i juli og varte til 16. september. Så vart fristen forlenga med to veker, først til 30. september og deretter til 14. oktober.

Etter det vart fristen flytta éi veke fram, først til 21. oktober og så til 28. oktober.

No er altså fristen igjen utvida med to veker.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply