Resultat etter 3. kvartal

Havila dobla underskotet

Havila Shipping hadde eit underskot på 100 millionar kroner etter tre kvartal i år. Restruktureringa av konsernet åleine har kosta 36,8 millionar kroner så langt i år, ifølgje kvartalsrapporten.

  Foto: Marius Rosbach

Supply

Totale inntekter etter tre kvartal enda på 848 millionar kroner, mot 1,2 milliardar kroner same periode i fjor.

Les kvartalsrapporten her (ekstern side)

Driftsresultat før avskrivingar er positivt, 371 millionar kroner, mot 581 millionar same periode i fjor.

Avskrivingar hittil i år er på 242 mill. Resultatet før skatt enda på minus 109,9 mill. etter tre kvartal. I fjor var underskotet 66,5 mill. i same periode.

For skipa som er i drift var flåteutnyttinga 88 prosent i tredje kvartal, opplyser reiarlaget.

Restruktureringa av konsernet åleine har kosta 36,8 millionar kroner så langt i år, ifølgje kvartalsrapporten.

Konsernet har pr i dag totalt seks fartøy i opplag, herav tre plattform supplyskip, to ankerhandterarar og eitt subseafartøy.

Havila Shipping ASA har i dag om lag 517 sjøfolk, og 42 tilsette i administrasjonen.


Havila Shipping:

Mange aksjonærer taper på Havila-nedturen

En lang rekke lokale småaksjonærer taper penger på at aksjekapitalen i Havila-rederiet går tapt.



Havila berget - har støtte fra alle långiverne

Herøy-rederiet unngår konkurs - Sævik-familien beholder kontrollen.

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Supply