Verdiane til Ulsteinvik-selskapet vart nedskrivne med heile 1,26 milliardar kroner i fjor. Av dette utgjer nedskriving av flåten 896 millionar kroner.
I tillegg kom renteutgifter på nesten 350 millionar kroner.
Til saman er dette langt meir enn driftsresultatet, som enda på 687 millionar kroner.
Dermed vart underskotet for Island Offshore på like over 900 millionar kroner.
Her kan du laste ned finansrapporten frå selskapet (ekstern side)
10 av 28 fartøy var i opplag ved årsskiftet. Fem av desse vil vere i drift i løpet av mars.
Stor gjeld
Renteberande gjeld var ved årsskiftet tett opp under sju milliardar kroner.
Island Offshore inngjekk ein standstillavtale med kreditorane 22. november. Til dei sikra lånegjevarane har selskapet presentert eit omfattande forslag til restrukturering. Forslaget blir no vurdert. Stillstand-avtalen er gyldig ut juni i år, opplyser selskapet i årsrapporten.
Island Offshore har sidan årsskiftet seld tre skip: «Island Earl», «Island Express» og «Island Performer».
Island Offshore tek inn att 300 sjøfolk
Island Offshore kan ta fire båtar ut av opplag.
Ulstein leverte endeleg milliardskip
Tysdag vart «Island Venture» levert frå Ulstein verft. Dette er det største skipet frå verftet nokon sinne.