Med ei bemanning på rundt 50, ein del frå Sunnmøre, skal kabelleggjaren «NKT Victoria» no i arbeid. Herøy-reiarlaget Remøy Management står for bemanning og drift av fartøyet. 2.300 søkte om jobb på skipet

– Båten fungerer utmerkt, veldig bra arbeid av Kleven og byggeteamet. Under dåpen pågjekk lasting av kablar til første prosjektet, som er utanfor Skotland, seier adm.dir Even T. Remøy i Remøy Management til Sunnmørsposten.

– Og det var ein storstilt dåp med mykje folk, fleire hundre, og med musikk av marinekorpset. Fleire hundre var også om bord i fartøyet, fortel Remøy.

Erfaring frå offshore

Skipsdåpen var lagt til NKT Cables sin fabrikk for høgspentkablar i Karlskrona i Sverige.

Det 140 meter lange skipet har innreiing for 100 personar, og skal vere eit av den mest avanserte kabelleggingsfartøya i verda. Teknologi frå offshorebransjen er henta inn for å gjere kabellegginga meir effektiv og med større presisjon, heiter det i ei pressemelding frå NKT.

Fartøyet kan legge både høgspentkablar og fiberoptiske kablar.

Remøy Management driftar 11 fartøy. Fem av desse eig Remøy Management-gruppa sjølv.