Overlevering av skipet til ny eigar fann stad 17. mars, skriv selskapet i ei børsmelding. Fartøyet er ein av dei eldre båtane i Farstad sin flåte, bygt i 1991.

– Far Sky har vore i arbeid i Australia og i Austen dei seinare åra, og har akkurat avslutta eit arbeid, seier økonomidirektør Torstein Stavseng til Smp.no.

Båten har trada ut frå Singapore. Ingen av mannskapet om bord er norske.

Den nye eigaren er ikkje norsk, og båten vil operere i same området. Ut over dette vil ikkje Stavseng seie noko meir om kjøparen.

Strategi

– For Far Sky har det vore ein relativt mager periode siste halvåret. Det er ein klar del av strategien å avhende eldre tonnasje, seier økonomidirektøren.

Salet har ingen innverknad på oppbemanning av båtar her i Nordvest-Europa.

– Vi har tre regionar som er skilt frå kvarandre når det gjeld mannskap, også på grunn av lokale regelverk, seier Stavseng. Dei tre regionane er Brasil, Austen/Australia og Nordvest-Europa.

Farstad Shipping vil etter salet av Far Sky ha ein flåte på 61 skip (31 ankerhandlarar, 26 supplyskip, fire subsea-fartøy samt tre subsea-fartøy under bygging).

Les også: Ny Farstad-direktør skal finne nye marknaderFarstad i minus i fjor