– «Aleut», som er eit Havyard 843 ICE-design, er ein skikkeleg kraftplugg av ein båt, og den skal operere i nokre av dei tøffaste forholda ein kan tenke seg, ifølgje Gunnar Larsen i Havyard.

Laurdag døypte Havyard Ship Technology AS nybygget ved Skoltekaien i Bergen.

Det var i november 2013 at Havyard inngjekk kontrakt på levering av design og bygging av det første av tre isbrytande offshore-fartøy til det russiske reiarlaget Femco. «Aleut» er det første skipet i rekka.

Av dei mange gjestane var det omtrent femti gjestar som hadde tatt turen frå Russland.

– Noko av det som imponerte gjestene var av-isingsanlegget der blant anna alt utvendig rekkverk var oppvarma, opplyser Larsen.

Etter dåpen skal «Aleut» til Murmansk i Russland for å ta om bord utstyr og proviant, før den set kursen mot Prirazlomnoye-feltet som ligg mellom det russiske fastlandet og Novaya Zemlya. «Aleut» er leigd inn av det russiske oljeselskapet Gazprom. Dei to isbrytarane Havyard leverte i 2006 betener også dette feltet.

Rolls-Royce Marine har levert framdriftsanlegget.

– I tillegg til å vere eit avansert ankerhandteringsfartøy med forsyningsfunksjonar, er «Aleut» designa og bygd for å operere i ekstreme arktiske forhold. Skipet har maskinkraft som gjer at det kan bryte ein meter tjukk is med tre knops fart, og av-isingsanlegg for å tole temperaturar ned til minus 30 grader. Ein annan ekstremeigenskap er at skipet kan ta rennefart og knuse iskantar med ei tjukne under vatn på åtte meter, opplyser Havyard.

Data Havyard 843 ICE

Lengde: 86 mBreidde: 19,5 mDjupgang: 7,25 mFart: 16 knopBollard pull: 201 tonnAnkerhandteringsvinsj: 250 tonnInnreiing: 34 personar