Skipet er samtidig selskapets første serviceskip for vindmølleparkar. Kjøpar er det tyske reiarlaget Bernhard Schulte Offshore og det tyske vindparkselskapet Windea. Ulstein har kontrakt på bygging av to båtar for desse selskapa.

Båten er 88 meter lang, 18 meter brei og skal få innreiing for 60 personar.

X-bow i begge endar

Fordelen med X-stern er at båten kan bli plassert med akterenden mot vêret, noko som gir forbetra eigenskapar i tøffe vêrforhold, og særleg når båten skal halde seg på nøyaktig same stad. Det var i august 2014 at Ulstein kunngjorde at dei har har patentert ei hekk-løysning som liknar den populære X-bowen.

Båten skal fungere som ei plattform for drift og vedlikehald av vindmøller, til overnatting og transport av teknikarar.

I løpet av dei neste månadene vil skipet bli utrusta og malt ved Ulstein Verft, før prøveturperioden startar ut på vårparten. Med oppstart i sommar skal fartøyet arbeide på Gemini-vindparken i Nederland for Siemens Wind Power Service, opplyser reiarlaget BS Offshore i ei pressemelding.

X-stern vart kåra til vinnar i konkurransen Neste generasjons skip under Nor-Shipping i juni.

Følg Sunnmørsposten jobb og næringsliv på Facebook!