Meir Ulstein-design i Brasil

Eit nytt skipsverft i Brasil, Oceana, har levert sitt aller første nybygg, eit forsyningsskip av PX105-designet frå Ulstein.
Verft

Dermed er nok eit skip med den velkjende baugen, X-bow, ute i arbeid.

Skipet er levert til reiarlaget Oceana Offshore og har tatt til på eit seks-årsoppdrag for oljeselskapet Petrobras.

Ulstein sin kontrakt med Oceana inkluderer design og ein omfattande hovudutstyrspakke, detaljdesign og innkjøpsstøtte.

Rolls-Royce Marine har levert vinsjane, og Brunvoll i Molde har levert trustarar. Også fleire andre bedrifter i den maritime næringa, til dømes Sperre Industrier, har levert utstyr til skipet, opplyser kommunikasjonssjef Lene Solheim i Ulstein Group.

Godt samarbeid

Eit systerskip er også under bygging ved verftet, og er planlagt ferdigstilt innan utgangen av 2. kvartal i år.

I talen ved skipsdåpen framheva verftsdirektør Paul Kempers kor godt skipet tek seg ut og det gode samarbeidet mellom Ulstein og verftet for å fullføre dette høg-kvalitetsskipet, skriv Ulstein Group i ei pressemelding.

– Undervegs på prøveturen fekk eg fleire rapportar frå ingeniørane og kapteinen på dei gode resultata skipet gjorde på fart, drivstofforbruk og sjøeigenskapar, seier verftsdirektøren ifølgje Ulstein Group.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft