Lengste fartøy frå Kleven Verft

Gigantskipet «Edda Freya» døypt

«Edda Freya» er den største enkeltkontrakten for Kleven nokon gong.

Ulsteinvik

Verft

Verdien var ved kontraktsoffentleggjering i oktober 2013 1,4 milliardar kroner.

«Edda Freya» er designa av Salt Ship Design, bestilt av Østensjø Rederi og utleigd på langtidskontrakt til Deep Ocean.

Fartøyet er med sine 150 meter det lengste offshorefartøyet Kleven Verft har bygd, og er eit av verdas største og mest avanserte konstruksjonsfartøy. Fartøyet har eit dekksareal på heile 2.300 kvadratmeter, og det er lugarkapasitet til 140 personar.

Skipet er mellom anna utstyrt med ei bølgekompensert kran med 600 tonns løftekapasitet med dobbel wire, og handteringstårn og karusell med 3.000 tonns kapasitet for utlegging av fleksible rør.

Det er også utstyrt med eit svært energieffektivt hybrid framdriftssystem frå Siemens – kalla Siemens Blue Drive Plus C.

Kjersti Bårdsen er gudmor for skipet.

Dåp av «Edda Freya» Eigar av Østensjø Rederi, Johannes Østensjø; kaptein Harald Nordstrand; adm.dir i Østensjø Rederi, Kenneth Walland; konsernsjef i Kleven, Ståle Rasmussen; gudmor Kjersti Bårdsen; adm.dir. i Deep Ocean, Bart Heijermans; chief Odd Helge Habbestad.  Foto: Erlend Vikene

«Edda Freya» er den største enkeltkontrakten for Kleven nokon gong.  Foto: Erlend Vikene

 

Hasund og Dimnøy skulekorps.  Foto: Erlend Vikene

 
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft