Ho har for første gong besøkt eit verft, og valet fall på Vard Søviknes i Haram.

Og her fekk Hauglie høyre at kvar arbeidsplass ved verftet genererer 5,4 arbeidsplassar i resten av landet, dei fleste i regionen – alt frå Bunnpris til Brunvoll.

Sjølv eig statsråden berre ein kajakk, og difor let hos seg imponere over det svære røyrleggingsfartyet som ho fekk omvising i – eit 151 meter langt og ni etasjar høgt skip til 1,7 milliardar kroner som skal operere utanfor Brasil.

Vard-leiinga fortalde korleis dei har omstilt seg, og korleis dei stadig omstiller seg. Til det har dei fått hjelp frå Nav.

Statsråden roste dessutan Vard for å ta inn lærlingar.