Bygger nytt Havyard-skip

I ein stilleståande oljemarknad har Havyard greidd å vinne ein stor kontrakt på design og utstyr til eit fleirbruksskip, opplyser Havyard Design & Solutions.

Ny kontrakt: Havyard 832 fleirbruksskip. Teikning: Havyard Design & Solutions 

Verft

Fartøyet, eit Havyard 832 MPV, skal i arbeid for det amerikanske oljeselskapet Hess.

– Vi har balansert det tekniske med det kommersielle, og slik kunne vi vinne ein oljekontrakt i ein svært tøff konkurranse, seier salsdirektør Gisle Vinjevoll Thrane.

Kontrakten betyr arbeid både for Havyard Design & Solutions og Havyard Power & Systems i tillegg til fleire underleverandørar i regionen. Verdien på kontrakten er i overkant 100 millionar kroner, opplyser selskapet.

Skipet skal byggast ved verftet Cemre i Tyrkia.

Dette blir det sjette Havyard-skipet for det danske reiarlaget Esvagt. Dei andre kontraktane gjeld fire vindmølleskip og eit skip for mannskapsbytte.

– Gjennom det tette samarbeidet med Havyard veit vi at vi får skip som gir våre kundar sikre, innovative og effektive tenester, seier operasjonsdirektør i Esvagt, Kristian Ole Jakobsen, i ei pressemelding.


Overskot for Havyard Group

Etter eit underskot på 108 millionar kroner i fjor styrer Havyard Group mot overskot igjen, seier konsernsjefen.

 Fleire nyheiter frå næringslivet? smp.no/naeringsliv
Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft