Larsnes Mek skal bygge to fiskebåtar

Larsnes Mekaniske Verksted i Sande skal bygge to mellomstore fiskebåtar for nordnorske reiarlag.

Larsnes Mekaniske Verksted har teikna kontrakt med Arvesen AS og Mirsel AS om bygging av to fiskebåtar. Dei to 38 meter lange båtane er så godt som identiske, og blir rigga for notfiske og snurrevad. Illustrasjon: Naval Consult  

Verft

Fartøya er designa og utvikla av Naval Consult i Måløy.

– Underleverandørane vil, unntatt nokre få, vere bedrifter i den maritime klynga i regionen her, seier dagleg leiar Jarle Gunnarstein i Larsnes Mek til Sunnmørsposten.

Båtane har ein bruttotonnasje på rett under 500 tonn.

Den eine fiskebåten skal byggjast for Arvesen AS i Ibestad i Troms og blir nye «Nordhavet». Den andre båten skal byggjast for Mirsel AS i Lofoten og blir nye «Sander Andre».

Tankane om bord på til saman 420 kubikkmeter skal kunne frakte levande fisk. Fartøyet kan også føre fisken i kombinasjon mellom levande, RSW og kar med issørpe.

«Sander Andre» blir bygg nummer 58 og skal leverast 3. kvartal 2017. «Nordhavet» blir bygg nummer 59 og skal leverast 2. kvartal 2018.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft