Hurtigruten og selskapets eigarar, det britiske forvaltningsselskapet TDR og Petter Stordalen, blir største aktør i Klevenkonsernet, med ein andel på litt over 40 prosent.

Det melder Kleven-konsernet i ei pressemelding fredag morgon.

Investorar går inn med 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet. Investorgruppa består også av Åge Remøy og Magnus Roth gjennom InYard Invest, det familieeigde tyske selskapet Lürssen-Group og investoren Per Lillebø. Også Kleven-familien sine selskap John Kleven AS og H-Invest AS har skote inn pengar.

Reforhandla låneavtale

– Det er semje mellom investorane om avtalen, men nokre formelle atterhald gjeld framleis. Mellom anna må selskapet sine bankar og Giek godkjenne avtalen, men dei har vore tett involverte i arbeidet heile tida, så det er grunn til å tru at også den delen av prosessen kjem endeleg på plass, seier Kleven-direktør Ståle Rasmussen i pressemeldinga.

– Samfunnsengasjerte og dyktige eigarar

Ved Kleven i Ulsteinvik, som ligg like ved leia der Hurtigrutens skip har seila året rundt i snart 125 år, er dei nøgde med storsatsinga frå investorgruppa.

– Vi er glade for interessa vi har opplevd for å investere i konsernet. Dette sikrar oss soliditet og kraft til å gå laus på nye, framtidsretta prosjekt. No har vi fått på plass samfunnsengasjerte og dyktige eigarar med eit langsiktig industrielt perspektiv, seier Rasmussen.

– Sikrar nye arbeidsplassar

Det nye investeringsfellesskapet går inn med totalt 300 millionar kroner i ny kapital i Klevenkonsernet.

– Dette vil sikre nye arbeidsplassar og vidare vekst både ved Kleven-verfta og for norsk verftsindustri, seier Hurtigruten sin konsernsjef Daniel Skjeldam.

Hurtigruten har tidlegare bestilt det som blir beskrive som verdas mest miljøvenlege ekspedisjonsskip – hybriddrivne MS Roald Amundsen og MS Fridtjof Nansen – hos Kleven. I denne kontrakta ligg også ein opsjon for ytterlegare to ekspedisjonsskip av same type.

– Med Kleven som eit av dei fremste eksempla, er norsk verftsindustri i verdsklasse. No går vi saman for å vidareutvikle den unike kompetansen, sikre nye lokale arbeidsplassar og skape vekst i konsernet som bygger framtidas skip, seier Skjeldam.

Petter Stordalen

Hurtigruten er nesten heileigd av det britiske forvaltningsselskapet TDR. Kor mykje pengar Hurtigruten-eigar Petter Stordalen og hans investeringsselskap Strawberry Equity går inn med i Kleven er ikkje kjend.

– Klevenkonsernet har, i likskap med andre norske verft, fått merke nedturen i olje- og offshoresektoren, men kompetansen til dei tilsette og Kleven-familien er botnsolid. Vi gler oss over å kunne bidra inn i eit nytt, spanande kapittel for Kleven, seier investor og Hurtigruten-eigar Petter A. Stordalen.

Det var eit konstruksjonsskip som skulle til eit malaysisk reiarlag som utløyste dei økonomiske problema ved Kleven, etter at reiarlaget ikkje var i stand til å ta ut den kostbare båten.