Døypte «Mærsk Minder»

Den 95 meter lange kraftpluggen «Mærsk Minder» vart levert frå Kleven Verft i dag.

«Mærsk Minder» vart døypt av gudmor Anni Bak torsdag. Her med Chief Technical Officer i Maersk Supply Service, Peter Kragh Jacobsen, og konserndirektør i Kleven, Karsten Sævik, ved si side.  Foto: Kleven

Verft

Bygget er det fjerde fartøyet i Starfish-serien på seks ankerhandteringsfartøy for Maersk Supply Services. Fartøyet vart døypt ved kai på Kleven Verft under ein seremoni leia av konsernsjef Karsten Sævik. Gudmor var Anni Bak.

– Vi er stolte av å ha slike heiderlege oppdragsgjevarar på verftet vårt, seier konsernsjef i Kleven, Karsten Sævik, i ei pressemelding.

– Å gjennomføre eit nybyggprosjekt av ein prototype er definitivt ikkje ei enkel oppgåve. Ope og ærleg samarbeid er heilt nødvendig, og det gler meg å seie at samarbeidet mellom Kleven og Maersk Supply Service har vore framifrå, seier Chief Operating Officer i Maersk Supply Services, Claus Bachmann.

«Mærsk Minder» sine tre søsterskip, «Mærsk Master», «Mærsk Mariner» og «Mærsk Mover», utfører tenester som nedstenging av offshoreinstallasjonar (decommisioning), tauing og installasjon, i tillegg til forsynings- og ankerhandteringstenester.

– Eg er glad for å kunne seie at alle dei tre tidlegare leverte fartøya i Starfish-serien har oppfylt alle forventningar og haustar gode tilbakemeldingar frå kundar, med skryt av gode fasilitetar og særs god drivstoffeffektivitet, seier Bachmann i Maersk.

Også ein anna milepæl vart nådd i dag. Det sjette og siste fartøyet i serien, bygg nr. 387 hos Kleven, vart sjøsett i dag. Det femte av systerskipa er under ferdigstilling og skal leverast seinare i år.

Fartøya er designa av Salt Ship Design.

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft