Havyard skal bygge serviceskip til vindmøllepark

Har solid ordrebok i ein svingande marknad.

Vindmølleskip Havyard 832 SOV-designen er skreddarsydd for å yte service til offshore vindmølleparkar, og Esvagt har no bestilt det tredje hos Havyard. ILLUSTRASJON: Gunnar Flusund 

Verft

Havyard Ship Technology har skrive kontrakt med det danske reiarlaget Esvagt om design og bygging av nok eit vindmølle-serviceskip.

Esvagt skal bruke skipet i ein langtidskontrakt for tenester til Dudgeon vindmøllepark, operert av Statoil, utanfor austkysten av Storbritannia.

Vindmølleparken er under utbygging av mellom andre Statoil og Statkraft. Parken vil når den står ferdig i 2017 levere fornybar energi til omtrent 410.000 britiske heimar, opplyser Fosnavåg-baserte Havyard Group i ei pressemelding.

Skipet får som hovudoppgåve å huse og frakte personell og utstyr til service og vedlikehald. Dette inneber at skipet har eit landgangssystem som gjer det muleg å overføre personell frå skipet til vindmøllene under tøffe verforbehold.

Marknad i fornybar energi

Dette blir det tredje serviceskipet Havyard skal bygge til offshore vindkraftproduksjon. Alle tre er levert til Esvagt. Gjennombrotet i denne marknaden kom i fjor sommar.

– Vi er no i ferd med å etablere oss på skip til marknaden for produksjon av fornybar energi. At vi har produkt til og relasjonar i forskjellige marknadssegment er ein stor styrke for Havyard, og gjer at vi ikkje blir så sårbare for svingningar i dei enkelte marknadene, seier salsdirektør i Havyard Design & Solutions, Gisle Vinjevoll Thrane. Han trur Havyard også vil sikre seg nye kontraktar framover.

Dette skipet, som får bygg nr. 125 frå Havyard Ship Technologys verft i Leirvik i Sogn, skal leverast i september 2016. Skipet er designa av Havyard Design & Solutions i Fosnavåg. Havyard Power & Systems med base i Ålesund skal blant anna levere elektroengineering, automasjons- og alarmanlegg og Havyard Concept Bridge.

Ordrebok

Havyard Ship Technology har no fiskefartøy, brønnbåtar, offshoreskip, isbrytarar og serviceskip til vindmølleparkar under bygging til reiarar frå Norge, Island, Danmark og Russland, opplyser verftet.

Med denne ordren har Havyard Group no 10 nybygg i ordre ved verftet i Leirvik i Sogn, og vil ha ein ordrereserve i forretningsområdet skipsbygging på omtrent tre milliardar norske kroner, og god kapasitetsutnytting langt ut i 2016, opplyser selskapet.

- Variasjonen i type skip, den geografiske spreiinga blant kundane og marknadene dei operere i er ein stor styrke for Havyard, spesielt no som til dømes offshore-marknaden er nede i en bølgjedal, skriv Havyard i ei pressemelding.

I tillegg har Havyard Design & Solutions ordre på levering av design og utstyrspakkar til Brasil, Spania, Singapore, India og Kina.

Fakta om skipet:

Lengde: 83,7 m
Breidde: 17,6 m
Fart: 14 knop
Innreiing: 60 personar

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft