Med utgangspunkt i offshoreskip utviklar Ulstein Group ein ny serie båtar dei kallar ‹Discovery›. Dette er båtar som kan brukast til utforsking, cruising og kystpatruljering, melder selskapet.

Discovery-båtane vil få X-Bow-design.

- Med snart 100 års maritim erfaring, dei siste tiåra særskilt retta mot offshorefartøy, ynskjer Ulstein Group no å vidareutvikle seg inn mot nye designområde der vi ikkje har etablert oss endå, område som utforsking, cruising og patruljering, seier visekonsernsjef i Ulstein Group, i ei pressemelding.

Sjå video her (ekstern side)

Ulstein Group har tidlegare denne veka presentert fleire oppfinningar, under den store messa Nor-Shipping.Sjå den nye akterenden til Ulstein - X-Stern ExtendedLanserte  også «Twin X-Stern»

Same profil

- Grunnleggjande for alle designa våre er den heilheitlege profilen som byggjer på det økologiske fotavtrykket til skipa. Discovery-serien har slanke og kostnadseffektive skrog som gir liten motstand i sjøen. På same tid er dei solide og med styrke nok til å opphalde seg offshore, ifølgje Ulstein.

- Vi ser på alternative skrogmaterialar, slik som kompositt, og bruken av alternative energikjelder som solcellepanel. Energikonservering er svært viktig, og batteribankar sparar opp den innsamla energien og sper den ut til brukarane etter kvart som behova oppstår, seier han.

Hekken X-Stern vart også kåra til vinnar i konkurransen Neste generasjons skip under Nor-Shipping.