Havyard 931 CCV er spesialutvikla saman med det danske reiarlaget Esvagt, og skal brukast til å skifte mannskap på skipa i flåten til reiarlaget.

Hensikta er å gjere mannskapsskifte meir kostnadseffektivt ved å overføre mannskapet mens skipa er i sjøen i staden for å måtte gå til kai. Det 88 meter lange skipet har ei fart på minst 18 knop, og har innreiing for 75 personar, opplyser Havyard.

Havyard leverer design og utrusting, medan skipet skal byggjast ved eit verft i Spania.

Spesialutvikla

Designsjef Arve Helsem Leine ved Havyard Design & Solutions har utvikla design til mange ulike skipstypar de seinare åra. Havyard har no ei designportefølje beståande av ulike typar offshoreskip, fiskebåtar, isbrytarar, brønnbåtar og vindmølle serviceskip.

– Nøkkelen er å kjenne behova til kunden og kva forhold skipet skal operere under. Ofte skal skipa utføre mange ulike tenester, og då der det snakk om å finne det beste kompromisset, seier Leine.

Modell

Kor lang tid Havyard har brukt på å utvikle båten vil ikkje Gunnar Larsen i Havyard seie. Det han kan avslære er at tida som trengst til testing i modelltank er kortare enn før.

– Over veldig lang tid har vi utvikla eit berekningsverktøy. Vi har spesielle måtar å teste designa i modelltank slik at vi treng relativt få modellforsøk for å kalkulere korleis båten oppfører seg, seier Gunnar Larsen, ansvarleg for marknadsføring og kommunikasjon i Havyard.

Skipsdåp

I ordreboka til Havyard sitt eige skipsverft er det no berre eitt offshoreskip.

I juli leverer dei fiskebåten Smaragd til Herøy. Skipsdåpen er i Fosnavåg 11. juli.

– Vi har seks båtar til i ordre, tre isbrytarar til russiske reiarlag, ein brønnbåt til Nord-Trøndelag, ein supplybåt til eit islands reiarlag og eit serviceskip for vindmølleparkar, seier Larsen.

F.v. Gisle Vinjevoll Thrane fra Havyard, Kristian Ole Jakobsen frå Esvagt og Luis Magro frå det spanske skipsverftet Zamacona, som skal bygge båten. Foto: Havyard
Det er lagt ned store forskningsressursar i å gjere Havyard 931 CCV brennstofføkonomisk ved høg fart. ILLUSTRASJON: Gunnar Flusund