Havyard skal bygge nytt subseaskip

Havyard melder at dei har fått kontrakt på design og bygging av 121 meter langt subseaskip for ein internasjonal kunde.

Nytt subseaskip-design Havyard 858 L WE er designa med tanke på framtidige krav til operasjonar på havbotnen. ILLUSTRASJON: Gunnar Flusund  

Verft

Fartøyet, eit nyutvikla Havyard 858 L WE design, blir Havyards bygg nr. 123, og skal leverast andre kvartal 2017. Kontrakten har ein verdi på omtrent 700 millionar.

Dette er det første subseaskipet til Havyard med WE forskip. Dette designet har ifølgje selskapet betre eigenskapar både i smul sjø og i røff sjø.

Designet er utvikla av Havyard Design & Solutions i Fosnavåg. Båten kan utføre IMR (Inspection, Maintenance and Repair) og lettare konstruksjonsarbeid i samband med installasjonar på havbunnen.

God ordrebok

- Som bransjen elles opplever Havyard tøff konkurranse i marknaden på grunn av situasjonen i oljeindustrien. Trass i dette har Havyard sitt verft i Lervik i Sogn ei relativt god ordrebok, der det skal leverast åtte skip fram til sommaren 2017, opplyser verftet.

Snurparen «Smaragd» skal leverast i juli, seinare skal verftet levere tre isbrytarar, ein brønnbåt, eit forsyningsskip og eit serviceskip for vindmøller, i tillegg til det nye subseaskipet.

– Vi har vore gjennom ei tid der kapasiteten vår har vore strekt til det ytste, og vi bygde veldig mange prototypar samtidig, seier Lasse Stokkeland, som er leiar av forretningsområdet Ship Technology i Havyard Group.


Her er baugen til det nye Havyard-skipet

Med strenge krav til lågt forbruk og høg fart har Havyard utvikla denne båten.

– Dette blir spydspissen på djupt vatn

Det første av fire Havyard 832 PSV er levert til kinesiske COSL.

– Ordreboka vi har framfor oss no har ei betre sammensetning av søsterskip og prototypar, og er betre tilpassa kapasiteten vår. Fokuset framover er å kontinuerleg jobbe med omstilling og effektivisering. På denne måten skal vi sikre lønsam bygging ved verftet vårt i Norge også framover, seier Stokkeland.

121 meter

Det nye subsea-skipet får innreiing med plass til 140 personar.

Lengd: 121 m
Breidde: 24 m
Dekksareal: 1500 m²
Offshore kraner: 250 tonn + 30 tonn
Moon pool: 8 x 8 m
Helidekk diameter: 26 m

Sunnmørsposten ønsker en åpen og saklig debatt. Alle innlegg blir kontrollert etter publisering. Vi forbeholder oss retten til å forkorte, redigere og fjerne innlegg.
Verft