– Dette er heilt fantastisk, seier hovudtillitsvald Bjarne Pettersen i Fellesforbundet.

– Ja, dette er ein kjempedag, strålar sveisar Aase Dimmen når Sunnmørsposten er på omvising ved verftet.

Følg smp.no på Facebook

Kan bli meir jobb

Inne i dokkhallen er det hektisk aktivitet, når arbeidarane etter kakefesten måndag går i gang med arbeidet sitt igjen, vel vitande om at dei er sikra arbeid lenge.

Her får dei også vite at det blir vinterfest i januar, for alle tilsette med følgje.

– Vi hadde fått vite at det ikkje ville bli nokon fest, men no blir det. Og det er noko vi set pris på. Det er inspirerande, seier Pettersen.

Administrerande direktør Kristian Sætre har også god tru på at det skal ordne seg med arbeid frå juni neste år og fram til arbeidet med den nye båten tek til.

– Det blir eit gap mellom, men vi har lovande prosjekt på gang som i stor grad vil tette gapet mellom Island Performer og den nye, sa Sætre som ikkje ville gå i detalj om kva kontrakt det handlar om.

Han avslørte likevel at det er snakk om bygging av båtar der ein allereie har ferdige design.

«Beistet»

Sætre samla alle tilsette til kakefest i kantina måndag. Og han gjorde det klart at det er ein spennande kontrakt som no er signert.

– Dette er ikkje kva som helst slags kontrakt. Det er ein tidlegare kunde, og det viser at kunden er veldig nøgd med det som er gjort her, sa Sætre.

Han la vekt på at det store offshore konstruksjonsfartøyet, som salssjef Håvard Stave omtaler som «beistet», blir ein svært god referanse for Ulstein.

– Eit anna poeng er at vi med denne kontrakten tek Ulstein til USA. USA er den største offshore-marknaden i verda, målt i tal båtar. Denne kontrakten er ei dør inn til denne marknaden, sa Sætre og la til at dette er eit resultat av ekspertisen i Ulstein Group.

Les fleire næringslivsnyheiter på smp.no

Hektisk

Det er Island Offshore og Edison Chouest Offshore som har bestilt to nye OCV-fartøy gjennom selskapet Island Ventures II LLC. Det eine skipet skal byggjast ved Ulstein Verft, det andre i USA. Og ifølgje Sætre skal dei byggjast nokolunde parallelt.

Sætre orienterte dei tilsette om at det blir brennstart i mars/april. Skipet skal inn i dokk i starten av november neste år og skal leverast i juli 2015.

– Vi har ikkje meir tid enn kva vi treng, sa Sætre og la til at det ville bli hektisk frå november og utover.

Hovudtillitsvald Bjarne Pettersen og sveisar Aase Dimmen, som også sit i klubbstyret, er godt fornøgde med at verftet no er sikra mykje godt arbeid.