Ferjeprisane i Nordland blir sette ned igjen

Fylkesrådet i Nordland skrur ferjetakstane tilbake til 2019-nivå igjen etter den omstridde takstauken ved nyttår. I staden går prisane kraftig opp i sommar.

Ferjedrift: Bilferja MF «Årdal» fra Fjord1, i ruta Solavågen - Festøya.  Foto: Halvard Alvik/NTB scanpix

Innenriks

– Vi reduserer prisane så snart som mogleg, så snart billettsystema der ute tillèt det, seier fylkesråd for samferdsel Bent-Joacim Bentzen (Sp) i ei pressemelding frå Nordland fylkeskommune.

Dei nye ferjetakstane blir tilbake skrudde til 2019-nivå, regulert med ei generell statleg prisstiging på 3,1 prosent.

Det skjer etter at ferjetakstane i Nordland, som har 28 ferjesamband, ved nyttår auka med mellom 20 og 40 prosent.

Også i Møre og Romsdal, som saman med Nordland er det største ferjefylket i landet, vart prisane sette kraftig opp 1. januar.

Folkeopprør

Prisaukane har vekt sterke reaksjonar og ført til eit folkeopprør.

– Takstauken vi foreslo, var tvinga på oss av den økonomiske stoda som kom etter kuttet til regjeringa på nærare ein halv milliard kroner. Vi ser likevel at dette vart urimeleg for kystfolk og næringsliv. Vi går derfor tilbake på dette og vil då ikkje få same prisauke som samanliknbare fylke, seier Bentzen.

I pressemeldinga skriv fylkeskommunen at dei nye takstane slo kraftigast ut for dei lengste ferjestrekningane. Samferdselsråden vil derfor setje det han omtalar som eit «tak» på billettprisane.

– Det betyr at dei som bur ytst, i tillegg får redusert pris frå 2019-nivå, det gjeld spesielt Træna, seier Bentzen.

Sommartakst

Fylkeskommunen understrekar likevel at dei økonomiske utfordringane ikkje er endra, og at dei no i staden vil innføre ein eigen sommartakst for juni, juli og august. Denne takstauken vil vere på mellom 15 og 20 prosent frå 2019-nivå.

– For å ta unna den auka sommartrafikken set vi kvart år inn fem ekstra ferjer i sommarsesongen. Det kostar mange millionar kroner kvart år. Det er meir rettferdig at desse kostnadene i større grad blir påførte dei som bruker ferjene på sommaren, altså turistar og feriefolk. På den måten prioriterer vi å halde att på prisane dei resterande ni månadene for innbyggjarar som er avhengige av ferja heile året, seier Bentzen.