Fylkesleiarar i Frp vil ut av regjering – krev ekstraordinært landsstyremøte

Frp-fylkesleiarane i Troms og Finnmark, Nordland og Innlandet vil ut av regjering og krev ekstraordinært landsstyremøte.
Innenriks

Kravet kjem etter at regjeringa har vedtatt å hente heim to barn og ei norsk-pakistansk kvinne som hadde slutta seg til IS.

Fylkesleiaren i Troms og Finnmark Frp, Odd Eilert Persen, seier han ikkje lenger kjenner seg igjen i partiet.

– Det er på høg tid at vi går ut, før vi raserer det siste som er att av det som heiter Frp. Det som føregår, er rett og slett flautt. Det er vondt for oss ekte Frp-arar å oppleve, seier han.

– Inkje truverd

– Vi har inkje truverd overfor veljarane. Kvar dag i regjering så sviktar vi veljarane våre. Det siste er dette med IS-barna. Vi sit som nokon rævsleikjarar for Høgre, Venstre og KrF. Dei får gjere akkurat som dei vil. Det har vorte det nye Frp, eg kjenner meg ikkje att i partiet. Det er direkte flautt å vere både fylkesleiar og representere dette partiet som det er i dag, seier Persen til NRK.

Fylkesleiaren i Nordland seier han forventar at Frp-leiar Siv Jensen no innkallar til ekstraordinært landsstyremøte.

– Regjeringspartnarane våre har dolka oss i ryggen, dette kan ikkje Frp akseptere. Tillitsvalde og medlemmer i Nordland er fly forbanna, telefonen har kima frå nyheita vart presentert, seier fylkesleiar Dagfinn Henrik Olsen i Nordland Frp til TV 2.

Skjønner ikkje Erna

Leiar Frank Sve i Møre og Romsdal, Frps største fylkeslag, vil ikkje svare på om han meiner partiet bør gå ut av regjering.

– No blir saka handtert av partileiinga, seier han.

Men også han reagerer sterkt på at regjeringa hentar kvinna heim. Eit lyskespark mot Frp frå Erna, meiner han.

– Eg trudde vi var samde om at vi i det heile ikkje forhandlar med terroristar, seier Sve.

– Eg skjønner ikkje kva Erna tenkjer på, seier han.

Han spør om det er viktigare for statsministeren å hente heim kvinna enn å ha ei velfungerande regjering.

Partileiar Siv Jensen har førebels ikkje uttalt seg om kravet om ekstraordinært landsstyremøte.

Opprør

Christian Tybring-Gjedde har varsla at han vil be om ei røysting om regjeringsdeltakinga når Frp-stortingsrepresentantane møtest til ordinært gruppemøte klokka 15 onsdag.

– Det er ikkje gruppa som avgjer regjeringsdeltaking, noko Christian òg veit, så det blir ikkje voteringstema, opplyser parlamentarisk leiar Hans Andreas Limi til NTB.

Fleire politikarar i stortingsgruppa som TV 2 har snakka med, seier dei aldri har fått så mange førespurnader som etter at nyheita om den 29 år gamle kvinna kom tysdag.

(©NPK)