Pelsdyrbøndene forventar betre kompensasjon med Frp i opposisjon

Norges Pelsdyralslag forventar at pelsdyrbøndene får betre kompensasjonsordning etter regjeringsexiten til Frp. Frp signaliserer forbetringar.
Innenriks

Avviklinga av pelsdyrnæringa innan 1. februar 2025 var den store sigeren til Venstre i regjeringsplattforma, men kompensasjonsordninga har fått kraftig kritikk.

Kommunikasjonssjef Guri Wormdahl i Norges Pelsdyralslag meiner Frp i opposisjon bør medføre vesentlege endringar.

– Granavolden-erklæringa seier at pelsdyrnæringa skal leggjast ned. Ho krev absolutt ikkje at bøndene skal miste millionverdiar og bli ruinerte, seier Wormdahl til Nationen.

Senterpartiet har fremma eit forslag der Stortinget ber regjeringa sørgje for at pelsdyrbøndene får full kompensasjon. Også Ap meiner kompensasjonsordninga er for dårleg.

I starten av februar skal næringskomiteen på Stortinget avleggje innstillinga si, og saka skal deretter behandlast i Stortinget.

Sp, Ap og Frp har til saman 95 mandat på Stortinget. For å få fleirtal, treng ein 85.

Mykje tyder på at Frp vil støtte forslaget, skriv Nationen.

– Ordninga skal bli betre, skriv saksordførar Morten Ørsal Johansen (Frp) i ein SMS til avisa og viser til at opposisjonen no har fleirtal.

(©NPK)