Sp inviterer til samarbeid om endringar i regionreforma

Senterpartiet har sendt eit brev til Arbeidarpartiet, Framstegspartiet og SV der partiet inviterer til drøftingar om endringar i regionreforma.
Innenriks

«Senterpartiet mener det nå bør være grunnlag for å drøfte endringer i regionreformen», skriv Sp-leiar Trygve Slagsvold Vedum i brevet, som er sendt til Ap-leiar Jonas Gahr Støre, Frp-leiar Siv Jensen og SV-leiar Audun Lysbakken.

Vedums håp er å få dei andre partia med på å opne for at fylkeskommunar som sjølv ønskjer det, kan få søkje om å bli delt opp i nye einingar.

Overfor NRK trekkjer Vedum spesielt fram Viken og det samanslåtte Troms og Finnmark som nye fylke som det kan bli omkamp om.

– Eg inviterer Framstegspartiet og dei andre opposisjonspartia til å setje oss ned for å avslutte regionreforma, seier Vedum til NRK.

(©NPK)