Ap om Hauglies avgang: – Ei innrømming

Statsminister Erna Solberg (H) og regjeringa kan ikkje rømma frå ansvaret i Nav-skandalen ved å byta ut Anniken Hauglie, åtvarar Arbeidarpartiet.
Innenriks

– Dette er ei innrømming frå Erna Solberg om at Anniken Hauglie har eit stort ansvar for Nav-skandalen. Det er det første eg tenkjer, seier Eva Kristin Hansen (Ap), som er saksordførar for Stortingets kontrollsak om Nav-skandalen.

Ho reagerer kraftig på nyheita om at Hauglie er ferdig som arbeids- og sosialminister før kontrollsaka er avslutta. Konsekvensen blir at ansvaret blir løfta opp til statsministeren, åtvarar Hansen.

– Det er ikkje slik at denne skandalen forsvinn fordi om dei byter ut Anniken Hauglie som statsråd. Denne skandalen er framleis like alvorleg. Viss regjeringa prøver å rømma frå ansvaret sitt no, så gjer den ein alvorleg feil, seier Hansen til NTB.

– Dei kan ikkje rømma frå dette ved å byta ut Anniken Hauglie. Erna Solberg og regjeringa er framleis ansvarlege, seier ho.

Vurderer daddel

Hansen ser ikkje bort frå at dette kan få støtte frå Arbeidarpartiet. Men det er for tidleg å konkludera no, legg ho til og viser til at behandlinga i kontroll- og konstitusjonskomiteen ikkje er ferdig før 11. februar.

– Me vil vurdera alle forslag som kjem i denne saka, seier Hansen.

– Men me skal la prosessen i kontroll- og konstitusjonskomiteen gå sin gang.

«Det einaste rette»

Raudt, SV og MDG har tidlegare varsla mistillit mot arbeids- og sosialministeren, medan Arbeidarpartiet og Senterpartiet har vore i tenkjeboksen. Men dette sporet vil truleg bli lagt daudt no som Hauglie er ute av regjeringskontora.

Raudt-partileiar Bjørnar Moxnes meiner Hauglies avgang er «det einaste rette».

– Men eg skulle helst sett at det ikkje skjedde gjennom at Erna Solberg snik ministeren ut bakvegen. Det var òg derfor Raudt stilte mistillitsforslag, seier Moxnes i ei skriftleg fråsegn om saka.

Regjeringspartia slepp ikkje unna stortingsbehandlinga som står att, åtvarar han.

(©NPK)